torsdag 21. april 2011

Påske....

Påske betyr ferie og fridagar, ski, påskehare eller påskekylling, marsipan og fjellet....
 Men har vi gløymt kva påska eigentleg handlar om?

Jesu død og seier på korset for oss, så vi kan få leve....  Det evige liv med Kristus!
Mitt ønske for påska er at vi alle tek oss ta litt tid i påska og tenkjer på Bibelens påskeevangelium!

GOD PÅSKE!!

Vedhogst...

No har dei store granene i hagen vår ramla ;-)

 Dei var kjempestore.... Over 15 meter... Heldigvis har vi stor parkeringsplass, dei rakk heldigvis ikkje over vegen.....
Det var mykje kongler ;-)

Store stammer ;-)  Blir litt av eit arbeid å kløyve desse!!!


Vi har fått kjempeflott utsikt, og masse ved ligg allerede klart oppstabla, medan ein del KJEMPEDIGRE kubbar ligg klare for kløyving...

PÅSKETUR....

Vi var så heldige å få invitasjon til en tur til Kiel og Lubeck i år, og dette slo vi til på...
Koselig reiseselskap og nyelig vårvær var vi heldige å få... Vi reiste sørover allerede onsdagen før palmehelga og torsdagen satte vi oss på Color Fantasy på vei sørover... Deilig å bare slappe av!


 Om morgenen fredag var vi komne til Kiel og derfra kjørte vi bil til Lubeck... Parkerte på hotellet og skulle rusle litt i byen, vi kom over en kanaltur helt tilfeldig så det ble en liten tur på båt... Fikk sett utrolig mye...



Lubeck har egen marsipan, og vi besøkte utsalget deres... Ble deilig caffelatte med marsipansmak ;-D
Og selvsagt noe marsipan med på veien!!

Vi hadde noen deilige dager, og fikk slappet skikkelig av...

torsdag 14. april 2011

Kvalp...

Vi har lenge tenkt på å få oss hund, no er den bestillt... Vi skal ha en tispe, Elghund grå, og idag fikk vi endelig sett dem!!! Nydelige små nøster som koste seg! Og en rolig og stolt elghundmamma!!! Nå er det bare å gle seg til de blir såpass store at de kan leveres, da kjem ei av dei til oss ;-))))
Her er heile flokken!! Vi veit ikkje enno kven av dei det vert, men at det vert ei tispe er klart!!

Denne var villig fotomodell ;-) Skikkelig skjønn!!!

mandag 14. mars 2011

JAPAN...

I desse dagar har verden augene retta mot Japan. Det er så ufatteleg det som skjer der borte, verden vert så lita... Og kanskje litt skremande! Forferdelege bileter fyller fjernsynsskjermen etterkvart som media har noko å melde, og det har dei.. Byar er utsletta, tusenvis sakna, atomreaktorar skada og trusselen om eksplosjon er overhengande... Dersom det skjer, er katastrofen enda større :-(

Når katastrofer som denne skjer vert vi svært engasjerte og tenkjer på alle som har tøffe dagar! Samtidig takknemmelige for vår egen lille verden som har berre "småkatastrofer" rundt oss...
Som han sa ein på bussen idag, når blodtrykket vert for høgt  for desse "katastrofene" så kan ein løfte blikket å sjå kva andre må leve gjennom... Då vert ein i grunnen takknemmelig for at ein får lov å ha små hendingar i livet sitt og ikkje store katastrofer...

Mine bønner og tankar går til dei som har ufattelige sorger i livet!!

lørdag 12. mars 2011

Kakehobby ;-)

Denne veka var eg i Bodø på kurs fram til onsdagen.. Flyet landa så seint på Vigra at eg måtte skaffe overnatting på veien heim, det er kjekt med ei go`tante i nærleiken ;-)

Sidan vi skulle ha eit bursdagsopplegg på jobben fredag hadde eg tilbydd meg å bake kake... Hadde ikkje tenkt på at eg ville få litt tidspress torsdagen ;-D
Då er det godt å ha ein supermann i heimen, han bakte sukkerbrødet for meg!!!
Dermed var det berre for meg å fylle kaka og pynte den...


   KJEMPEFORNØGD 
   
 med resultatet, og mannens innsats var super!!! Kaka blei god ja ;-)

Det vart att mykje så idag har vi hatt restefest!!

mandag 7. mars 2011

Ut på tur....

Denne vekå har eg ei litt "annerledes" veke! I staden for å være på jobb har eg fått reise på HMS-kurs i Bodø ;-) Det er også jobb, men ein annan kvardag enn vanleg...
Veldig spennande, og kjekt!! Eg trivest i jobben min, men det er avogtil kjekt med nye "innputt"...

Etter ein lang dag ned undervisning vart vi frakta med buss ca. 1 mil utforbi byen til ein lavvo.. Der fekk dei som ville rusle ein tur ned til fjæra før middagen vart servert... Nydelig biff med poteter og stekte grønsaker!! Underholdning og godt selskap ;-)

Og to dagar til står ennå for tur... I morgen håpa eg på litt tid til å rusle i byen, og kanskje shoppe litt?? Alltid kjekt med nye butikkar!

fredag 4. mars 2011

VÅRTEGN!!!!


Tok ein liten tur i hagen i dag, berre for å sjå korleis det står til etter vinteren...
Eg fant desse skjønne klokkene, berre må dele dei med andre ;-)

Roser...

Fikk flotte roser for en stund siden, av gode venner ;-)
Rosene var utrolig flotte, disse var i mange farger.
Nyyydelig!! 

GOD HELG!!

Påskepynt

Den siste tida har eg hatt eit lite prosjekt på gang ;-)
Tjukke strikkepinnar og Fritidsgarn... Og mønster frå Mikk-L design!!
Mønsteret var veldig greit å følge, store masker gir raskt resultat ;-)
Denne fekk ein annan "kam" enn på mønsteret, men eg "måtte" teste ut korleis det vart ;-))

Klar for ein omgang i vaskemaskinen!!

Flossete og mjuk ;-))

To gode venner!!





Hele gjengen så langt ;-)) De mangler øyne, men det skal det bli!! Etterhvert "flytter" de nok ut herfra og får seg nye hjem.....

onsdag 16. februar 2011

FJELLETS MAGI

Fjelltur? Tja, nei, jo, ikkje åleine...  Så eg prøvde å få tak i turkamerat, telefonen ringte, ingen tok telefonen... Kva no?? Gidd ej?? Gubben gikk dagen før så han var ikkje intressert ;-)
Men... Fjellet ligg der og lokkar på ein og til slutt hadde eg no komt i turkleda og starta på turen ;-) mørkret hadde nesten tekje overhand så eg hadde ei haudelykt i handa ;-) Det var bart, men i mine kjempeflotte, nesten nye (julegåve frå gubben) Crispi Besseggen gjorde det ikkje så mykje at der var litt snø og is enkelte stader!!
Gjekk på første boksa og skreiv meg inni bokji ;-)
 Hadde gått dit vi brukar å gå, men konkurranseinstinktet i meg hadde i grunnen satt inn... Gubben og nabo`n gikk heilt på toppen dagen før så eg bestemte meg for å gå heilt opp eg og ;-)
Snø siste stykket ;-) Og ganske mørkt så bildet vart ikkje så godt!!

Gjekk på så då eg kom opp hadde eg brukt nøyaktig 1 t og 10 min ;-)   20 min meir enn gubben og nabo`n, men ny pers for meg!! Litt sunt konkurranseinstinkt er berre bra!!

Kjempefornøgd kom eg heimatt 2 t og 5 min etter at eg starta!!  Då var det utrulig godt med ein dusj og så eit fotbad for litt såre føtter ;-D 

onsdag 9. februar 2011

KARNEVALSTID

Det er snart tid for karneval, og eg som jobbar i barnehage er i desse dagar på utkikk etter kostyme ;-)

I går kom eg til at det berre er å finne fram symaskinga og sy noe sjølv... Jaja, det har eg ikkje gjort før, men nå må eg til pers... Det er lite ferdige kostymer å få kjøpt for voksne.
Så eg kjøpte meg eit fin gardin, og den skal verte kostyme!! No ligg gardina på golvet og eg skal til å klippe topp til kjolen ;-))

Oppdatering på korleis dette prosjektet gjekk kjem etterkvart!!

OPPDATERING........


Korleis har dette gått??? Joda, eg klipte på frihand, sydde på frihand og "plasserte" på frihand... Resultatet er ikkje feilfritt, men brukande ;-)))
toppen sydd og her held eg på å festa den til skjørtet... 
linninga er gardinbåndet, snøring i livet ;-)

Fææærdiii..... 

Detalj, som de ser så er der til og med legg i toppen ;-))


Klar for KARNEVAL, med lange lyse lokker og "krune" på toppen ;-)

ONSDAG OG FRIDAG...

Endå ei veke gjekk superfort, og eg har frionsdag igjen ;-)

I går reiste eg ein tur til Moa på handletur. Fekk kjøpt med meg nokre garnnøster (fleire plastnett!!!) og store strikkepinnar, fant nokre mønster på "nettet" av tova haner og høner så no er det litt påskepynt på gang!!

Mønsteret fant eg på sida til  Mikk-L design, som eg fant gjennom Facebook-profilen min. Dette er lettstrikka på store pinnar og så gler eg meg til å tove det i maskina etterpå ;-)

No flyttar det altså inn fargerike haner og høner i stua, får satse på dei ikkje er av det "bråkete" slaget!!!
Mikk-L design hadde mange flotte figurstrikk-mønster som eg etterkvart skal prøve meg på... Skulle du være på utkikk etter nye idear til strikkepinnane så anbefaler eg denne sida!!

Dette vart dagens reklame og eg er ikkje eingong sponsa ;-))))

onsdag 2. februar 2011

Kakehobby ;-)

Denne hausten fekk eg endelig vore med på eit kakepyntingskurs med! Eg har ei svigerinne som er reine tryllekunstnaren med kaker, interessen smitter litt på meg og :-)
Sidan vi lever på ein lavkarbo-diett så vert det ikkje så mange sjansar til å bake, men denne veka testa eg det eg lærte... 

Bursdag ;-) 



Eg bakte ei tropisk aroma som eg pynta med marsipan, den fekk gode arbeidskolleger smake ;-)
Kaka er spraya med ein raud "lakk"...

På kvelden fekk vi besøk og denne gangen serverte vi bl.a. reker og loff, og avslutta med marsipankake fylt med vaniljekrem og hjemmelaga bringebærsylte!





søndag 30. januar 2011

HELG!!!

Det er så godt når helga set inn, og ein får nokre fridagar... Godt med lange, late morgonar... Og godt med litt tid til familie og venner... I dag er det laurdag og eg har ikkje gjort stort anna enn å rydde litt småtterier, vaska nokre klær, handla og vore innom svigermor ein tur :-)

I går fekk eg ei melding; "vil du være med på fjellet?" 
Det var nabo`n og ei god venninne som spurte... Eg svarte sjølvsagt ja, var så glad for at eg endeleg kom meg utatt.... Trimtørke... Vi traska i vei i vind og storm, ja endåtil litt regn vart det!! Men du kor flott det er å kome seg ut i naturen slik!! Gode klær må ein ha, men det har vi her på vestlandet! Og eg synest eg får ladda "batteria" så godt, dette skal gjentakast :-) 
Kanskje allerede i morgon?


Biletet er frå ein tidlegare tur ;-)



Eg er enno "ny" i bloggerverden, men i kveld fekk eg så lyst å prøve å lage litt meir "liv" med store og små bokstavar!! Lærer litt etter litt....


Ha ei fortsatt fin helg!!

onsdag 26. januar 2011

SUNNMØRSBUNADEN !!!

Denne hausten starta eg på bunadskurs for å lære å brodere sunnmørsbunaden!  Eg meldte meg på etter at ei kollega spurte om eg kunne brodere bunad til døtra som snart er konfirmant! Må seie at det var det vesle sparket eg trengte bak for å hive meg på utfordringa ;-)

Ørskogbunaden, den mest vanlege, vart vanleg på slutten av 1920-tallet. I 1927 fekk Kronprinsesse Martha den som bryllupsgåve frå Sunnmørsungdomen, og den gjekk og under tilnavnet Marthabunaden. Bunaden var komponert utfrå eit over 200 år gamalt forkle som var funne på Gjerde i Ørskog... Etterkvart kom fleire bygder med sine variantar av Sunnmørsbunaden, og framover til 1930 kom dei på rekkje og rad; Nordalsbunaden, Strandabunaden, Sykkylvsbunaden, Hjørundfjordbunaden, Skodjebunaden, Søre Sunnmøre- eller Dalsfjordbunaden og Vigrabunaden. (Info henta frå Husfliden)

I september møtte vi opp, 8 spente damer, på kurs som Husflidslaget i bya arrangerer... Kurset gjekk over 8 kveldar, og dette vart høgt prioritert. Det var utrulig kjekt, og vi vart etterkvart kjent med kvarandre. Så kjekt å bli kjent med andre med samme interesse. Og broderinga gjekk fint, eg hadde sågar 2 bunadar som eg broderte parallelt på i begynnelsen..
I oktober måtte eg levere innatt den første bunaden pga. at silketrykket begynte å flasse av. SURT, men det var berre å brette opp armane og begynne på nytt!! Trudde etterkvart at eg skulle bli ferdig til jul, men då den nærma seg vart det litt julestrikking og bunaden fekk ei lita pause til over nyttår ;-)

Her er heile forkledet... Det er det som har vore mest arbeid på ;-)

Detalj frå forkledet...

Ryggen, den ALLE ser på når dei e i kyrkja 17.mai... 
(Eller andre høgtidsdagar!)


Tampen, eller beltet...

Begge framstykka!

Lomma ;-)


Men no er eg endelig ferdig!! Har brukt tilsammen 3 mnd å brodere den, i morgon vert den overlevert min kollega.... No er det nokon andre som skal overta, for montering ;-)
Og eg fortsett på den 2.bunaden!!

Til hausten skal eg gå på nytt kurs ;-)  Då skal eg lære brodere skjorter ;-) Den påtegna, som er mest vanleg å bruke til Sunnmørsbunaden... Gled meg!!

søndag 23. januar 2011

Nyttårsløfter.........

Januar og nyttårsløftenes epoke ;-)

Eg har egentlig bestemt meg for at nyttårsløfter det skal eg ikkje ha, for eg greier ikkje halde dei likevel ;-)
Men så skjer det.... Kvar nyttårsaften så tenkjer eg at det skulle eg gjort og det skulle eg gjort! Og så har eg nokre halvkveda løfter om å gjere slik og endre ditt og datt!

Den siste veka har eg (og gubben stakkars må henge på) rydda og flytta om på eit rom... Veit du kor mykje papir som samlar seg saman i løpet av eit år?? Og når dagen for å sortere kjem så kan nesten alt kastast!!

Eg lurar på kvifor eg samlar på alt, men likevel... Legg det "på vent" for kanskje..... Nokon som kjenner seg igjen?? Huff, men DENNE gongen då skal eg bli flink å kaste etterkvart ;-)

Vel eit gode midt oppi all ryddinga er alt du "finn att" som du he lurt på kvar var :-)
Eg "fann att" julekort og takkekort, og i går hadde eg ei økt der eg fekk satt dei inn i album! Det er så kjekt, då mimrar eg og sender nokre tankar til den/dei som er på bileta... Og kanskje er det nokon som får ein telefon for eg fekk så lyst å høyre korleis det står til ;-)

Ellers i januar har no fleire av tanteungane hatt bursdag! I morgon må eg få sendt endå ei bursdagsgåve til eit januarbarn...


søndag 16. januar 2011

No er det slutt...

 I dag fekk julepynten "fri" og vart pakka behørlig ned i kasser og satt på "lager" til neste jul!
Det er litt vemodig, det er så kjekt å ha litt ekstra pynt i heimen. Men 16.januar så er det nok på tide å rydde litt ;-) 
Eg og gubben rydda både her i heimen og huset til svigermor ;-)


Bildet over er eit stemningsbilde frå heimen!
Så er det berre å gle seg til neste jul ;-))

Deiligste middag på lenge!

Tante og gubben har begynt på att med lav-karbo diett, og det er så utrolig mykje godt ein kan ete... Denne helga har det gått i sjømat, laurdagskvelden var det reker på menyen og i dag denne krabaten ;-)


Hummer er nydelig godt, vi var heldige og fekk denne for ei tid tilbake ;-)

søndag 9. januar 2011

Juletre-kuler...

Juletreet står så fint her i stova, eg er ikkje av dei som kastar det ut like etter at nyttårsklokkene er stilna! På treet heng mykje forskjellig pynt, i år fekk vi nokre nye. Desse flotte strikka fekk vi av nabo`n!!


 Er dei ikkje flotte???
 No  har eg skifta ut dei røde tulipanane med fine kvite ;-) 

Men julepynten skal eg ha til 20.dag jul. Sidan det er den 13.januar, og det er på torsdag så vert det nok julpynta hus heilt til neste helg her hjå oss ;-)