lørdag 5. juli 2014

Det årlige dyrlege-besøket

Så var tida der for årets vaksine. Mira var litt meir usikker denne gongen, faktisk litt uvillig....


Er du sikker på dette, mor?? 

Jaja, inn kom vi og fekk tatt både vaksine og kloklipp... Ikkje utan hyl denne gongen, for første gong har ho reagert når ho fekk vaksinestikket... Og hylte.... Deretter var det kloklipp, eg har ikkje sett på maken... Ho hylte, sparka og sprella...



Men til slutt var no finpussen tatt og det var ei happy bikkje som kom ut i bilen igjen :-)
 Eitt år til neste gong, kan det sjå ut som ho tenkjer... Men den gang ei, vi må nok ta kloklippen litt oftare ja...

Sommartur med bibelgruppa


Vi hadde en flott kveldstur ilag med bibelgruppa tidligare i vår, eg og Mira. 
Og turen gjekk ut på vakre Ullaholmen... 
Her hadde eg ikkje vore før, men ein nydelig tur vart det!



Flott utsikt i kveldssola, og nydelig terreng å gå tur i...
Mira syns det var "litt kjedelig" at ho ikkje fekk lov å helse
på sauene som går der, men det kunne ho sjølvsagt ikkje få lov til!


Flott med solnedgangen uti havet :-)


Gamle murar som står, er fasinerande å sjå på... Bildet er tatt innatt mot Ulla...

søndag 15. juni 2014

Nokre skrytebilder av kaker...

2-etasjes marsipankake til min nevø A. Den var den siste eg bakte i fjor til konfirmasjoner... 


Det stod også navn på kaka, men det er retusjert bort...

Før den hadde eg bakt 3 slike bok-kaker i ulike fargar, ei i rosanyanser, ei med svart-orange og ei med lilla-grått.... Dessuten var det ei dobbel-hjertekake i blånyanser... Eg kosar meg når eg held på med dette, men det tek mykje tid og eg innrømmer gjerne at eg var litt lei på slutten...


Men ikkje verre enn at i august vart det ei enkel kake til bryllupet til ein nevø. 
Jammen kjekt å få kome i bryllup, dei fekk ein strålande dag!


 Nokre kransekaker har det vorte i løpet av året og...


og nokre kvæfjordkaker...


Det er kjekt å bake litt innimellom...


Konfirmasjon


 På tur til Rogaland og konfirmasjon til vår tante/onkel-jente M.
Ei flott langhelg ilag med M og familien, hærlig!! Og bobil-tur gjennom vårt lange og flotte land :-)


Snart framme...




Tante måtte sjølvsagt lage kaker, konfirmasjonskaka var med navn men retusjert her... 
Kransekake og Sarah Bernard vart det og, dei var ferdiglaga på førehand... Så vi hadde god tid til å kose oss ilag og...

På veg heimatt gjekk turen om Suldal,Røldal, Odda og Hardanger... Mykje flott å sjå :-)
Snø var det enda oppå fjellå...


Og vi prøvde ut det nye Hardanger-sambandet med tunnellar og bru... Men fyameg kor dyrt det var for oss med bil over 3,5 tonn... Jaja...


Stilig med blåe lys og rundkjøringar inni tunnellane....


HUSET VÅRT ER SKADD...

 HJÆLP.... I begynnelsen av desember fekk vi skade på huset vårt.... Ikkje berre ei, men to... Første so skjedde var at taket vårt fekk skade i ein av dei sterke vindane som gjekk over øyane då... Naboens garasje reiste, pipehattane våre blei rett og slett løfta i været (av vinden) og deisa deretter nedatt i taket og skada pappen... Det som verre var, var at vi dagen etterpå fant ut at her var lekkasje under golvet... Og då gubben tok hull i golvet åpenbarte dette seg...


Og JA, det lukta 10 gonga verre enn det såg ut... FYFLATE altså.... Her var det berre å få tak i takstmann og få hjelp... I løpet av desember og romjula fekk vi pakka ut alt, så var det å flytte ut frå heimen og begynne å rive.... 


Dette er pappen som låg under tildragarane... Gubben fekk god hjelp av nokre kompisar og fekk spadd ut all isolasjonen. Det var mildt sagt vått, men etter nokre dagar hadde vi då kommet til golvet.


Her er bilde frå stua vår, det kom folk og satt opp tørkerar... Desse stod der i fleire månadar, før det var sopass tørt at det vart "erklært" klart til å starte oppbygginga... Imens måtte vi bo utanfor heimen, den første månaden vart det bobilen som var vår tilhaldsstad. Men så fekk vi leige eit hus litt lenger inne på øya og her har vi det bra. For ja, vi bur her fortsatt... Forsikringa (takstmannen) hadde estimert dette til 4,5 månad, men ting tar tid... Etter mykje venting er endelig rørleggaren komen og er snart ferdig... Så då kan badet vårt snart verte støypt... 


Medan vi har venta på rørleggaren, og innimellom snekkarane så har gubben lagt nytt elektrisk på stua og kjøkkenet... Jammen bra ej he en mann so e eletrikkar :-)



No er takplatene på vei opp, så kanskje vi snart får ønsket vårt om å flytte heimatt oppfylt...
Men enn so lenge so he vi det bra her vi e då...

torsdag 10. april 2014

EITT ÅR HAR GÅTT.....

Fekk ei skikkelig "blogge-sperre", veit i grunnen ikkje kvifor...
Men i kveld (natt) set eg her, og skal prøve å få ned nokre ord.
Mykje har skjedd det siste året, kanskje vert det nokre eigne innlegg
om enkelte situasjoner og turer.. Ja, for turer har det vorte nokre av...
Sommarferien gjekk til Nord-Norge og Grense Jakobselv med bobilen,
ein super ferie med mange inntrykk... Vi fekk sett veldig mykje i løpet
av dei 3 vekene vi var på tur.


 Eit par bilder av OscarII kapell på Grense Jakobselv...
For gubben vart dette eit gjensyn med staden han tjenestegjorde førstegangstjenesta si, for meg vart det eit første møte med ein stad eg håpar å få kome tilbake til ein annan gong... Utruleg flott stad!!


Vi har ellers vore i både konfirmasjon, bursdagar og bryllup i året som gjekk, kjekke besøk og dagar ilag med slekt og vener... Og fleire kjem, om ein månad skal vi i konfirmasjon til M. Gledar oss... Og då vert det bobil-tur... Kanskje vert det visning av nokre kaker etterkvart? Lovar ikkje noko, men kanskje :-) 

Slutten av året kom med ei dårleg "gåve" då vi først fekk ei naturskade på taket vårt, det vart hol i pappen etter at begge pipehattane vart letta opp av vinden og deisa i taket på vei ned...
Same helga vart det oppdaga vannlekkasje hos oss. Det enda med at vi i romjula pakka og flytta ut frå heimen, for deretter å bryte opp nesten alle golv i boligen vår...  Vi bodde i bobilen i ein månad, før vi fekk leigt oss eit hus ikkje langt frå heimen vår... I skrivande stund er boligen under oppussing, også badegolvet (som ikkje var innkludert i begynnelsen) er no brutt opp... Det var også vått under der, så det vart ikkje tørt rundt badet... 
Ting tar tid, men til slutt tror vi det blir flott i heimen! Vi har det bra her vi bor, men no gledar eg meg til å få flytte heimatt! 


søndag 3. mars 2013

Mira

Mira er no snart 2 år, og er då rekna for å være voksen :-)
Ho har likevel eindel "fantestreker" eller kvalpeferder... 
Her kosar ho seg med ein godbit...


Ho storkosar seg i snøen :-)


Ein dag eg kom heim fekk eg sjå eit fjes i verandadøra ;-)
Må seie eg måtte le litt då, var ei lita snuppe som venta på "mor"...


Neste dag var det eg som var heime, ho var veldig intressert når ho høyrde ein bil og då naboen stoppa for å hente posten sin fekk eg tatt dette :-)


Sjå den "lady-like" labben då :-)


Teppe-along

Eg har meldt meg på ein teppe-along på facebook... Along betyr at vi strikkar samtidig... Det er 100 stk i gruppa og bildet her er fra denne siden :-)
Og det her er altså teppet, The grat american aran agfhan! 
Eller forkorta som GAAA :-)


Det er fleire år sidan eg første gong såg bilder av dette teppet på ein handarbeidsblogg, og eg falt.... Dette har eg drømt om lenge, men det føltes uoverkommelig heilt til eg såg invitasjonen til denne alongen like etter nyttår :-) 
Eg heiv meg rundt og bestilte pakken frå strikkinnom.no og så var det berre å vente.... Spennande sjølvsagt, mønsteret er på engelsk. Men eg har fått tak i norske forklaringar og så er det diagram :-)



Og endelig var pakken hus... 
Det tok ei stund, ikkje så rart sidan den kom heile den lange vegen frå Amerika :-)
Så i mellomtida hadde eg bestilt garn til eit teppe til, frå strikkenett.no.
Dette vert nok til bobilen :-)



Nydelege blåfargar :-)


Og no er vi i gang, bildet vart litt dårleg... Men har er no ferdig med to lappar ;-)
Innimellom bunadsbrodering og ein genser eg strikkar!


Sol og vinter

Vi har hatt ein nydeleg vinter, mange flotte dagar og eindel sol ;-)
Kaldt har det vore, men det vert så flotte solnedgangar når været er slik...
Berre sjå :-)


Frå fergekaia ein dag eg venta på ferga etter jobb, ventetida kan nyttast til litt...


Her er eg og Mira på markane nedom oss ein flott vinterdag, ho ruska rundt i snøen og storkoste seg...


Sola speila seg i stovevindauget til svigermor ein dag vi var der.... 
Nydelege fargespel!!


Endå ein ettermiddag på fergekaia, ikkje like artig alltid... Denne dagen kom eg tidsnok til ferga, men kom ikkje med fordi det var fullt... SURT ja!!


På besøk i Vaksvika, flotte "makrellskyar" farga raude av solnedgangen. Eit flott syn!!

mandag 31. desember 2012

Nyttårsaften 2012

Dette året har eg hatt fleire lange bloggepauser, men avsluttar på tampen av året med eit nytt innlegg i allefall :-)
Vi har hatt ein flott haust på nordvestlandet, bildet her tok eg på ein kjøretur over fjellet ein ettermiddag... Flotte solnedgangar og kalde, fine dagar :-)

Tante har som vanleg denne tida på året, baka endel kransekaker.. Eg har brukt å gje vekk til jul istadenfor andre småting... I år, som i fjor, pynta eg med hjerter... 


Mira har kosa seg i hagen mange gonger i haust, stor var lykka for ho då gubben skaut nokre hjortar :-)
Då fekk ho seg hjortefotar (og bein) til å gnage på... Når snøen kom så var det og veldig spennande, ho likar godt å kafse rundt i snøen... Vi har fått oss nokre, få turar på fjellet i haust... Men i kveld avsluttar vi det gamle året og går inn i det nye med fjelltur på toppen av fjellet! 


Etter ein lang haust med kraftig hoste for min del, var det deilig når jula kom og eg er nesten kvitt hosta.

No har vi kosa oss i julepynta stove, vore litt på besøk og hatt nokre besøk.
Engleskaren og Rudolf måtte få plass på bordet ;-)
Utrulig stemningsfullt når lysa vert tente om kvelden...


Og endå fleire englar, eg innrømmer det glatt... Eg er meir englete enn nissete...
Den høgaste, flottaste som står bakerst er årets juleengel... Kjøpt hjå blomsterkjellaren i mi barndoms heimkommune...Dei har så utrulig mykje flott der!!!


Mira storkoste seg då ho fekk åpne sin egen pakke frå Wilma og Gulla :-)
Der var ein leikeball med godbitar i, den har vi fyllt opp og leika med fleire gongar i jula.


PS. Sa eg at vi var ein tur til Trondheim før jul?? Besøkte W & B, kjempekoselig... Takk for oss!!
Og då "måtte" vi sjølvsagt innom IKEA, kikka på kjøkkenet "vårt", ikkje heilt slik det skal bli... Men skapa og skuffene er dei samme!! Gler meg til vi får montert opp vårt ja :-)



Med desse vakre blomane vil vi ynskje alle eit riktig 


GODT NYTTÅR!!!


lørdag 20. oktober 2012

Sarah Bernhardt-igjen

Den eldste av nevøane på tante si side fyller 14 år i neste veke. Vi gratulerer A. så mykje med dagen. Denne helga er vi inviterte til bursdagsselskap, og det gleder vi oss til. Jubilanten skal forøvrig spele fotballkamp før selskapet, og vi har tenkt oss avgårde å heie på han og laget hans :-)

Men, sidan eg veit han har ei kake han likar veldig godt (det gjer forresten tante også ) så tok eg meg tida til å bake dei, sjølv om det eigentleg er julekaker...


Her er eit brett med go`kaker, no ligg dei i frysaren på vent... 
Ellers vert det no ei lita bursdagsgåve også då :-)


Hverken jubilanten eller foreldra veit at dei kjem, så det vert ei stor overrasking :-)

NO er kakene overlevert, jubilanten vart veldig glad! Han sparte dei til ungdomsselskapet som han skulle ha til kvelden! Ellers var det "hans" kaker ;-) HIHIHIHI......
ALLTID kjekt å gje vekk noko som vert satt sånn pris på!!

fredag 19. oktober 2012

Haustens handarbeid

Hausten er ei fin tid, spesielt godt likar eg at kveldane vert mørkare og eg har ei GOD unnskyldning for å fyre opp "eit hav av lys":-)

Denne hausten har eg brodert på bunad, og eg har strikka eindel. No er 2 av arbeida komne fram til dei som skulle ha det så eg kan vise fram bilde her...


Denne genseren var de O. 2 år som fekk, han er den yngste av våre grandtante/onkel barn. Ein blid godgutt som sjarmerer alle omkring seg :-)



I sommar fekk eg bestilling på pulsvarmarar frå ei av svigerinnene mine. Mønsteret vart tekje frå "eige haud" med maske-antall-hjelp frå I-B, TUSEN TAKK!!
Då eg sende dei, la eg "magebeltet" frå tråden rundt pulsvarmarane, då er det greit å finne ut korleis ein skal vaske dei :-)
 Det tok litt tid å få tida, men no er dei ferdige og framkomne til N.



No er det tennbrikkett-skjular og bunadsstrømper. Strømpene starta eg på i sommar, og no må eg snart få dei ferdige!
Så det kan nok verte fleire bilder av ferdige produkt utover hausten...