søndag 3. mars 2013

Mira

Mira er no snart 2 år, og er då rekna for å være voksen :-)
Ho har likevel eindel "fantestreker" eller kvalpeferder... 
Her kosar ho seg med ein godbit...


Ho storkosar seg i snøen :-)


Ein dag eg kom heim fekk eg sjå eit fjes i verandadøra ;-)
Må seie eg måtte le litt då, var ei lita snuppe som venta på "mor"...


Neste dag var det eg som var heime, ho var veldig intressert når ho høyrde ein bil og då naboen stoppa for å hente posten sin fekk eg tatt dette :-)


Sjå den "lady-like" labben då :-)


Teppe-along

Eg har meldt meg på ein teppe-along på facebook... Along betyr at vi strikkar samtidig... Det er 100 stk i gruppa og bildet her er fra denne siden :-)
Og det her er altså teppet, The grat american aran agfhan! 
Eller forkorta som GAAA :-)


Det er fleire år sidan eg første gong såg bilder av dette teppet på ein handarbeidsblogg, og eg falt.... Dette har eg drømt om lenge, men det føltes uoverkommelig heilt til eg såg invitasjonen til denne alongen like etter nyttår :-) 
Eg heiv meg rundt og bestilte pakken frå strikkinnom.no og så var det berre å vente.... Spennande sjølvsagt, mønsteret er på engelsk. Men eg har fått tak i norske forklaringar og så er det diagram :-)



Og endelig var pakken hus... 
Det tok ei stund, ikkje så rart sidan den kom heile den lange vegen frå Amerika :-)
Så i mellomtida hadde eg bestilt garn til eit teppe til, frå strikkenett.no.
Dette vert nok til bobilen :-)



Nydelege blåfargar :-)


Og no er vi i gang, bildet vart litt dårleg... Men har er no ferdig med to lappar ;-)
Innimellom bunadsbrodering og ein genser eg strikkar!


Sol og vinter

Vi har hatt ein nydeleg vinter, mange flotte dagar og eindel sol ;-)
Kaldt har det vore, men det vert så flotte solnedgangar når været er slik...
Berre sjå :-)


Frå fergekaia ein dag eg venta på ferga etter jobb, ventetida kan nyttast til litt...


Her er eg og Mira på markane nedom oss ein flott vinterdag, ho ruska rundt i snøen og storkoste seg...


Sola speila seg i stovevindauget til svigermor ein dag vi var der.... 
Nydelege fargespel!!


Endå ein ettermiddag på fergekaia, ikkje like artig alltid... Denne dagen kom eg tidsnok til ferga, men kom ikkje med fordi det var fullt... SURT ja!!


På besøk i Vaksvika, flotte "makrellskyar" farga raude av solnedgangen. Eit flott syn!!