mandag 17. september 2012

BRIMI FJELLSTUGU

Vi hadde vore der før, men i år fekk vi sjansen på nytt til å besøke denne koselege staden på Brimiland :-)



Campingturistar i bobil, men denne kvelden gjekk vi til dekka bord... Og naut verkeleg den gode maten... 
Vi skulle kjøre over Valdresflya, tok av frå Tessem (på Lom-sida)
Når du er nesten på toppen av den første, brattaste kneika så kan ein sjå eit skilt som viser vei mot Brimiland. Frå du tek av er det ca.4 km innover ein forholdsvis smal fjellveg... 
Etter besøket på fjellstugu gjekk turen vidare over fjellet , vi vill-campa då var komne nesten på toppen... 

For den som ikkje har vore på Brimi fjellstugu før, så er staden absolutt verdt eit besøk!! Brimi fjellsæter ligg like ved, dei har ein fin gårdsbutikk!!

Kjekt med besøk


Tidligare i sommar fekk vi besøk av pappa, hans 2 brødre m/fruer og 1 søskenbarn...
Såååå utrulig kjekt å få dei hit , vi hadde oss ein liten kjøretur, måtte jo vise fram den flotte øya vi bur på... Turen gjekk først til Ulla, før vi tok turen over fjellet...
Etterpå var det middag her hjå oss, og vi hadde pynta litt ekstra :-)


Blomster både frå eigen hage, og nokre "kjøpe-blomar"...
Koselig med besøk, velkomne tilbake får vi berre seie til tantene, onklane og søskenbarnet :-)



søndag 16. september 2012

Sidan sist.....

Tante har vært fraværende på bloggen, men kjem no sterkare tilbake :-)

30.juni leverte eg kake til eit bryllup, ei av mine venninner gifta vekk sin yngste son... Her er nokre bilder...

Lagde 2-etasjes kake, bilen fant eg på ein bokhandel på Moa :-)


Kaka var fylt med vaniljekrem og aprikos-sylte...


Og her var det ferdige resultatet :-)
Gratulerer med vel overstått bryllup til V & H, som no har vore gift i 2 1/2 mnd.!

Har hatt ferie siden sist... Kjøpt oss bobil har vi også!

Bobile, ein Hymer, er nesten 8 meter lang... Så vi har god plass!
(her har gubben vore fotograf)

Hadde oss en snartur på sørlandet, fekk med oss Ikea i Kristiansand, Porsgrunn porselensfabrikk, Hadeland glasverk, besøkte pappa`s søskenbarn på "toten" ( i allefall i nærområdet)... Siste natta vill-campa vi ved Vikingskipet saman med vener frå Ålesund. 


På Hadeland fekk vi blandt anna sjå på glasblåsarar i arbeid...

Vikingskipet i skumringa...
(Fotograf: Gubben)


Vi fekk være ilag med slekt og vener i ferien, mange av tante-ungane har vore på besøk... Vi har hatt flotte turar i Myrane ilag med mange av dei 


Her er vi på veg ut i Myrane....

Vi gjekk ein kjempeflott fjelltur i barndommens paradis :-) Ein fjelltur eg aldri har gått før, vi brukte 7 timar på turen og hadde fleire gode rastar med mat og drikke. På denne turen var vi saman med ein bror, 2 svigerinner og 3 tante-barn :-)


 Frå toppen av fjellet, utsikt over den flottaste fjorden i verden :-)

Ellers har vi beisa litt hus, tatt bort bordkledning og skulle skifte vindu..Sjølvsagt vart det ikkje berre å gjer det, viste seg at verandadøra var sopass dårlig at den måtte skiftast likevel.... Jaja, no ventar vi på at den skal kome... Var ca.4 veker bestillingstid, dei vekene er snart gått!! Blir greit å få dette gjort før 
vinteren :-)

Tante har ellers strikka på bobil-tur med gubben som sjåfør... Då strikkar eg medan han køyrer :-) Og så broderer eg bunadsskjorter, har levert frå meg 2 stk no etter ferien :-)
Men eg er ikkje berre passasjer, har og vore litt sjåfør og det var ei utfordring når bilen er 4500 kg og nesten 8 m lang :-) 
Var kjekt med ei ny utfordring, og så ser ein jo så innmari mykje betre når ein set litt høgare oppe...

No er det bunadsbrodering igjen, og litt strikking...

2 helgeturer har det blitt etter ferien, neste helg tek vi laust igjen :-) Gler oss... Bobil er kjekt!!