lørdag 26. mai 2012

17.mai 2012

17.mai feira vi heime i mi barndomsbygd. Koselig å være der, mange år sidan sist. Dagen starta med å få på seg finstasen. Vi stilte i finstasen begge to, eg for første gong med kniv til bunaden. Har vore så heldig å få ein handlaga kniv med slire som eg skal ha på bunaden. Det er ikkje lenger vanleg at damer har kniv, men i tidligare tider var visst det brukvisa! Mira var og med og gjekk i tog, med sløyfe i halsbandet ;-)


Det var middagssalg på bygdahuset (skulen) før toget gjekk. Etterpå var det kakesalg før det var folkefest med song og tale. Det var fint pynta, enkel blomsterpynt men utrulig flott!!


Dagen etter fekk eg og Mira oss ein flott tur i skogsvegen, vi trente på innkalling ogå gå ved fot (uten band).... Ho vert flinkare og flinkare, denne dagen heldt ho seg like ved meg heile turen!


Kosar oss på tur!!


Laurdagen vart også gubben med på tur, og vi gjekk ein lengre fjelltur! Utsikta der er upåklagelig ;-)


Bildet over er frå ein tur i fjor sommar, men vi hadde omtrent like flott vær denne dagen og!


lørdag 12. mai 2012

På hobbyfronten....

Har alltids noko på strikkepinnane... Under er det ein "FRANGIFLUTTI"
Det er eit skjerf som eg fant oppskrifta til, på Facebook ;-)
Ja, Facebook!! Der er ei side som heiter strikkesida, utrulig mykje flott folk rundt om i Norge lagar. Og mange strikkar altså frangiflutti... Min er i eit grønt alpakka-garn, kjempetynt garn... så det tek litt tid!


Då gjekk det litt raskare å stikke desse marius-tunikane... Dei er begge strikka i Smart-superwash.
Den grå har allerede fått ny eigar, R. som vi er grandtante og grandonkel til fekk den til 10-årsdagen sin 5.mai... Den andre får  eigar etterkvart ;-)


Ellers går det i litt bunadsbrodering ;-)


Vi er her endå ;-)

Det har gått ei stund sidan siste blogginnlegget, men vi er her endå ;-) Dagane går, eg har begynt på at på jobb i 40 % no. Og dei andre dagane følest som at dei går til "besøk" hjå fysioterapaut, kiropraktor og lege... Og nokre fjell-og fjøre-turar ;-)
Sidan sist har det vorte nokre fjellturar, Mira storkoste seg og leita etter mus som videoen syner.


Men etter ein lang vinter så fant vi endelig kvitveisen på vår vandring uti Myrane.


Det var ein nydeleg dag, gubben var på dugnad på skyttarlaget si bane og vi to damer`ne hadde oss ein flott fjøretur...


Ein søndagskveld gjekk vi over fjellet, starta ikkje før kl. var 20.30. Men sola skein fortsatt i bakkane og sjølv om det var mykje spennande å snuse fram så var Mira "villig" fotomodell i kvitveisenga ;-)


Og ENDELEG.... I går kunne vi plukke inn dei første tulipanane frå eigen hage dette året... 
No er det ordentlig vår!!


HA EI FLOTT MAI-MÅNAD VIDARE!!