tirsdag 6. desember 2011

Endå meir julebaking....

Eg elskar å bake... Heldigvis er det mange som vert glade for heimebakst...
Gubben og eg har i snart 2 år levd lavkarbo, så på oss vert det ikkje mykje kaker til dagleg!
(men litt snusking i kakefatet til jul vert det jo då...)

Dei siste åra har eg hatt som tradisjon å gje kransekaker til nokre venninner! Årets første kransekake vart ferdig idag, ilag med Sarah Bernhardt-kaker og kransekakepinner!!

Det er nok nokre som vert glade til jul i slekta vår ja ;-)

                                        Og kransekake-HJERTER....

 Dei siste skal få ein liten hovedrolle i årets julehelsing så det kan eg ikkje røpe meir om her ;-)
Men skal nok kome med oppfølgjar på akkurat det etterkvart!

Tid for litt baking...

Vi har laga, og hengt opp årets mør og julemiddag! Sist fredag var tida koma til å få årets svinemør i boks... Men først ein fjelltur ilag med gode venner & naboer, og Mira....
Gubben og eg fekk laga heile 49 svinemørar, deilig til julemiddagen og middagar utover året som kjem :-)
Laurdag var det nye steg på fjellet, også denne turen med kjempekoselig følgje av samme turfølgje som fredagen... Etter denne turen var eg hjå svigermor ilag med ei av svigerinnene mine... Denne dagen skulle lefsene lagast... Etter mange timar kunne vi fornøgde fastslå at 150 lefser var klare til å smørjast...

Har ikkje så mykje trening i lefsebaking, men var rimelig fornøgd med forma på lefsa!!


Lefseladet mitt, ferdig smørt!!

Fint ferdig, det var heldigvis søndag neste dag. 
Eg var til kyrkje på føremiddagen, mens ettermiddagen gjekk til avslapping :-)


Long time....

Denne hausten har vore ein hektisk haust, med nye og spennende utfordringer i jobben min, ei Mira som skulle luftast både morgonar og kveldar. Dressurkurs, bunadskurs, Alpha-samlingar og diverse andre "happenings" å delta på... Dermed har det ikkje vorte så mykje blogging som eg hadde tenkt meg, men NO kjem her litt...

Etter ein lang og som sagt hektisk haust skulle den siste ferieveka mi avviklast.. Eg var kjempeheldig!!! Fekk eit tilbud som nesten var for godt til å være sant, men eg fekk altså tilbud om å være med ei venninne til Spania i leiligheta til foreldra henna...  Det var deilig å ha ein slik tur i sikte og endelig kunne eg sette meg på flyet... Rolege dagar låg framføre, oppladding til juleførebuingane :-)

Vi fekk eit par dagar med strandvær, ellers var det shoppingvær og ein av dagane, skikkelig innevær :-)
Litt soling på terrassen vart det også tid til :-)
Men kom heimatt med nesten halvparten av årets julegåver i kofferten... Vart så mykje at eg måtte gå til innkjøp av ny reisebag (ein STOR)...
Denne dagen var litt "ruskete", men vi gjekk ein fin tur på piren... 
Nokre surfera nytta bølgjene til litt morro...

Men siste dagen kunne vi nyyyyte til fulle på stranda... 
Årets siste (?) bad vart tekje denne dagen, i allefall i sjøen!!!

TUSEN TAKK til T. for at eg fekk være med!!