lørdag 29. oktober 2011

Fjellturar!!

Mira og eg har vore på mange turar ilag i det siste, mange av dei på morgonen! 
Vi har stått opp og gått på fjellet i 6-tida! Ja, du las rett... I 6-tida!! Dei som kjenner meg veit at eg så absolutt ikkje er den mest morgonfriske av oss, men jammen har eg kome meg ut ja... Vi har kost oss, og det har vore innmari godt for både hund og eigar å starte dagen slik! 
Dei dagane vi ikkje har vore på morgontur så har vi gått på ettermiddagsturar, bildet er frå turen vi hadde fredag 28.oktober! Det var eit ruskevær, men vi var så heldige at det var mest vinden som nådde oss.. Nedbøren reiste forbi!!

Ut mot havet!!

Mira har fått seg refleksvest, idag tok eg den på då vi gjekk på fjellet... Vi går langs fjellvegen og der kjem nokre gongar traktorane. Eg kom til at det var best å sikre ho ;-)
Sidan ho er go`jentå vår så blei det ROSA vest ;-)
Etter ein slik tur er ho ofte ganske trøtt, søv oftast i mange timar då!


SLAKTETID...

Haust betyr for oss slaktetid...

Mira var svært fornøgd når slakta kom i hus...
No er slakta partert og komne i frysaren eller til tørk! Dei siste dagane har vi holdt på med saudeslakt. Reinskore, mæle opp til farse og vi har "føggla" mør og sydd rull. Det er ikkje nok med ein sort her, møren skal både boknast og tørkast...Fårerullane skal være både med kjøtt og kjøttfarse. Dette er eit intenst arbeid, men no er det gjort ;-)

Mira "hjalp til" på sin måte, veldig greit å få ho opptatt med noko og gjett om det var ei som storkoste seg!!

Litt av rullane eg har sydd! I år fekk eg 13 rullar i litt varierande størrelse av dei 2 slagsidene som var på sauen. Eg kan hugse at mamma sydde og laga rull kvart år, men eg fekk ikkje interessa for dette før gubben kom inn i livet mitt! Svigermor har lært meg dette, både å dele opp slagsidene og fylle dei. Vi brukar salt og allehånde som krydder, og dette vert både til middag og pålegg!!

Så var det møren som skulle "føgglast"... Eit forferdelig rart uttrykk som eg aldri hadde høyrt før eg kom hit på øya... Kvar det stammar frå veit eg ikkje, men det betyr at vi stappar mørdeigen i tarmane! Dei små, korte til venstre skal boknast. Då heng dei 7-8 dagar før vi frys dei ned. Dei lange til høgre vert tørkamør, dei skal henge like lenge som ribbesidene! No er julematen sikra ;-)