søndag 25. september 2011

Bunadsstrømper...

 Endelig ferdig med endå eit prosjekt...


Når gubben og eg er på bilturer, det være seg ferie, til/frå etapper, byturer el.lign. så er arbeidsdelinga ganske grei! Han kjører og eg strikkar ;-)
(kjører avogtil eg og, men....)
Desse bunadsstrømpene er 30-års gåve til  den yngste av brødrene mine! Han fylte år i sommar, og no er endelig strømpene også ferdige! 
Dette er strømper med havskum-mønster, tilhøyrande Sunnmørsbunaden!



lørdag 24. september 2011

Blomsterprakt frå hagen

Var ein tur i hagen i går, enda det snart er oktober så fant eg ein flott bukett å pynte med :-)

Her er litt av kvart, eg kan ikkje så mange av navna (hihihi)
Men roser har vi no, denne buketten vart i den rosa sjangeren. 


fredag 23. september 2011

Solnedgang...


NÅR SOLA GÅR I HAVET GLØDER HIMMELEN I VEST
Fantastiske solnedgangar har vi her ute i havgapet...

Mot fyret på neset...

Bålet midt i bildet matcha fargane i sola...

Bunadsskjorte...

Eg har mange hobbyar... Brodering er ein av dei :-)

No har eg nettopp avslutta ei bunadsskjorte til herre eg har brodert på bestilling! Denne er ei Nordalsskjorte, den vert brukt til Herre, Sunnmørsbunad!
Det er kjekt å ha eit handarbeide, og eg slappar skikkelig av med ei nål i handa (eller for den del,strikkepinnar)

Her er nokre bilder, ei skjorte består av mange deler...

Ermlinningane...

Skulderstykke...

Halskragen...

Stolpen, eller som eg seier "slipset" :-)

Kakehobby`n min...

 50-årsjubilant


Eg var så heldig å få være med i 50-årslag til ei venninne, 
ein skikkelig jentekveld med mykje god mat, kaker, skjemt og alvor...
Eg hadde med kake, må benytte kvar ei anledning eg har på å øve :-)

MIRA 6 mnd.

STOR JENTE 

20.september var Mira 6 mnd. 

Ho er altså blitt 1/2 år allerede, stor jente som klarer mykje sjølv...
Vi har begynt på lydighetskurs, og ho har vore flink. Det er spennande, veldig kjekt for oss å få lære litt korleis ho skal lære... Sist onsdag var ho ikkje intressert i noko av det vi skulle vise fram, eg var mildt sagt litt fortvila over ho. Heime kan ho det ganske bra, men der var så mange gode lukter på treningsbana at ei stakkars, lita elghundtispe ikkje greidde å stå imot :-)


torsdag 22. september 2011

TUR I "TROLLSKOGEN"

Vi hadde oss ei flott helg i barndommens bygd... Det vart fleire fine turar i det nydelige haustværet. Ein av turane gjekk innover "Trollskogen", her var mykje fint å sjå... Mange trær med "knurta" på, dei ser skikkelig trolske ut ;-)


 Mira storkoste seg i det flotte terrenget, sprang rundt mellom tuene og på stiane... Ho fant mykje spennande å snuse på!! Hjorteskit, sopp og bær! Ho elskar blåbær og tyttebær, det smakar nydelig synest ho!!
Tid til litt musejakt fekk ho også, sjølv om ho ikkje fekk fangst denne dagen...


Etterkvart var det nødvendig med ein liten pust i bakken ;-)



Heimelaga rømmegraut...

Laurdag laga eg skikkelig heimelaga rømmegraut...

Eg starta med å koke opp rømmen før eg hadde i halvparten av kveitemjølet. 
Då kom fettet fram, og dette hadde eg i ei gryte... Dette fettet skal vi bruke på grauten!!

Eg var heldig å få ut ein del fett...
 Og det syntes eg ikkje var så verst med tanke på at dette var første gongen eg har laga skikkelig heimelaga rømmegraut!!


Deretter var det å begynne å spe ut, då er det kjempeviktig å røre heile tida...
 Ellers vert det klumpar i grauten, og det vil vi no ikkje....


Når grauten er ferdig er det bare å si "velbekomme"....


mmmmmmmmm........
Denne laurdagen hadde vi det vi kallar for "slåttagraut".
 Slik vi alltid hadde den om somrane før!
Til grauten hadde vi sukker og kanel, fett, rosiner og hardkokte egg!!


onsdag 14. september 2011

Fjelltur ;-)

 Fjellturar har det blitt mange av dei siste månadane, for nokre veker sidan gjekk vi ein ny veg (for min del) Denne gongen gjekk vi opp like ved den nye hallen her på øya..
Vi kom opp på fjellet og gjekk forbi vassverket mot Rødhammaren...

Kjempefin utsikt!!



Skogen er innimellom djup og mystisk...



Frå Rødhammaren gjek turen vidare og utsikta er kjempeflott!
Det åpnar seg eit åpent landskap.

Her er vi på vei ned "kantaraua", den er innmari bratt men tilogmed ej med min høgdeskrekk kom meg heilskinna nedatt ;-)
Vi tok deretter turen om Tverrfjellet og heim ;-)



torsdag 8. september 2011

Båttur....

                            Pappa`s nordwest-båt var klar for ein luftetur... 
Vi reiste ut ein laurdags formiddag, makrell var på ønskelista ;-)
Heldigvis vart ønsket oppfylt ;-)
Den deiligste middagen i sommar ;-)


På kvelden var gubben og eg inviterte på naustfest!!
Reker og salater er deilig mat!!
Stemningsbildet over får stå som en avslutning på en flott sommer!

Støylen...

I år kom vi oss endelig på Støylen, gubben hadde ikkje vore der før ;-)
Dagen var litt grå, men då vi kom opp så letta skylaget såpass at vi fekk tatt nokre bilder...

Utsikta utover "verdens navle"

- og mot stadten...

Mira var med og gjekk heile vegen, men då vi kom på toppen var ho kjempesliten...
Heldigvis skulle vi ha ein god rast, og etter ein liten time var ho klar for heimvegen...
Resten av dagen orka ho knapt noken luftetur eingong ;-)

Ein fantastisk turopplevelse!!

Ferien vår ;-)

Turen gjekk nordover, vi hadde flotte dagar med finevær! Var innom Tronheim på veien før vi reiste utover til Namsos... Hadde tenkt å overraske ei venninne med besøk, men ho var dessverre ikkje heime.  Namsos var ein fin plass, og der som andre stader vi besøkte fant vi oss ein campingplass for overnatting :-)

Polarsenteret på Saltfjellet vart besøkt! Og litt shopping vart det der...

Flott minnesmerke i marmor!!
Det var flotte dagar på vei nordover og vi nytte dei, men må seie at under overflata var vi nok veldig spente... Vi hadde nemmeleg tenkt oss på overraskelsebesøk til venner i nord... Dei visste ikkje vi var i området, og dagen etter dette så dukka vi plutselig opp utanfor kjøkkenvinduet ;-)
Kjempemorro, vi vart veldig godt mottatt og tilbrakte to dagar saman med dei. Vi fekk også omvisning til Svartisen oppå fjellet... Mira koste seg saman med deira "Knerten"...


Her står vi på demninga og ser mot Svartisen...

En kjempeflott sommerkveld...

Knerten og Mira i eit rolig øyeblikk... Leikne kvelpa må også ladde batteria ;-)

Etter nordnorge gjekk turen tilbake til trøndelag... Ikea besøkte vi også, men då kvelden nærma seg hadde vi nådd til Røros.. Vi hadde ein flott kveld og dag der oppe... Det fristar til fleire og lengre besøk...

På vei til vestlandets barndomsbygd var vi også innom i Alvdal og besøkte desse to ;-)



MIRA besøker Varga og Tiril

ENDELIG FERIE....
Vi starta ferien vår med ein tur i nærheten... Tok fergå frå Brattvågen til Dryna og kjørte over heile Misund/Otrøya... Eg hadde aldri vore der, endå så nærme det ligg... Det var ein flott dag, sola skein og himmelen var blå ;-)


Så gjekk turen vidare til nordmøre og mamma`s heimbygd der vi besøkte onkler og tanter på gard og hytte... Mira storkoste seg, onkel J har kvelpen Varga som også er ei elghund-tispe.. Med berre 3 vekers aldersforskjell vart det mykje leik og morro...Tiril 10 år høyrer til i nabogarden hos mitt søskenbarn... Mira skulle sove ute i hundegard for første gong sidan vi fekk ho, 1.natta hylte ho slik at "mor" berre måtte ut å hente ho inn.. Det var ei sliten og litt redd snuppe som slokna i buret sitt... Men neste dag var ho klar for mat og meir leik ;-)

 Leikeslossing høyrer med... Dei sprang rundt heile dagen, skikkelig gøy... Vi hadde med grisehaler og dei fekk kvar sine... Men det var den samme halen som var mest ettertrakta.... Her fekk eg fanga dei opp i eit samarbeidsvillig øyeblikk...

Det høyrer med til historia at natt 2 så sov Mira i hundegarden med dei to andre hundane!!!


Nye kaker ;-)


Eg har baka nokre kaker den siste månaden også... 

Bilda er tekne seint på kvelden, litt vanskelig å få fram rosafargen men det øverste bildet er mest fargelikt!! Brudeparet på toppen er litt utradisjonelt, men eg syntes det var litt morsomt ;-)

Den eine var ei bryllupskake, eg syntes den vart ganske bra! Har prøvd å få til ei "linje" på kanten av kaka med blomsterknapper... Kaka var fylt med vaniljekrem og aprikos, og trekt med kvit marsipan og rosa detaljer...

Første helga i september var eg invitert til ei av mine venninner i hennar 50-årsfeiring... Veldig kjekt og eg tok med ei kake til ho også... Samme fyll som bryllupskaka, vart ganske nøgde... Men ser at denne spesialmarsipanen kan "svette" litt dersom den vert for tynn eller ikkje dekker heilt ned på fatet...
 

Enda meir blomsterbilete frå Myrane... 
Eg er ikkje så stø på blomsternavn, men syntes desse var vakre...






Fantastiske Myrane...

Blåklokkebiletet er tekje ein fin vårdag på tur, rullesteinane ligg der og ventar!
Når ein tek seg tid til å berre være i fjøra og sjå, det er då ein kan sjå alt det flotte som berre ligg der... Myrane er freda, dvs. der er fuglefredningsområde... Men i tillegg så er det ufattelig fredeligt der ;-)

Mira (og vi) skreiv oss på i boka som ligg på Staveneset, viktig å halde tellinga på kor flinke vi er å gå!!


Mykje stein og berg, men innimellom veks det blad og blomar... 
Utrulig at dei overlever i berre pittelite jord...

VAKRE KVELDER...

Naturen, og solnedgangane, uti havgapet er fabelaktige...


Skyer i solnegangen, spektakulært...


På biltur en tidlig sommerkveld!

Skikkelig pastell-aften ;-)
Er det noko rart vi synest vi lever "Det gode liv"???

Tante-tid

For nokre veker sidan fekk eg ei heil helg med tante-tid (og svigerinnetid)...
A. som er den eldste av tantebarna på mi side kom på besøk ilag med mamma`n sin..
Det vart mykje snakk og litt tur, laurdagen var vi på min yndlingsplass her ute :-)

 Her har vi ein puste- og fotopause... Området i myrane er berre heilt utrulig flott!
Guds skaparverk, uendeleg stort...




Rullestein-stranda har mange flotte skattar ;-)


Bølger er avslappande...