mandag 27. juni 2011

Hagen vår ;-)

Hagen vår er innimellom eit virvar, men denne helga fekk vi i allefall klipt litt kantar... Og godt var det! Det var nyyyyydelig solskinn og Mira og eg var heime åleine...
 (Gubben var på skuletreff, han hadde nok hatt det kjekt ja... )
Vi koste oss Mira og eg også, men kantklipparen, ja den var ein smule nifs..
 Frøkena låg skinnflat under ei buske og kikka på...

Vi har mykje flotte pionar ++ og no kom dei litt meir fram. Hagen er eit prosjekt over fleire år, målet er å flytte busker og blomster meir saman slik at det vert lettare å klippe plenane... Vi har begynt, grev og plantar! 

Lupiner, desse er i ein mørkare rosafarge enn dei ein vanlegvis ser langs vegkantane! 
Nydelege!!

Roser har vi mange forskjellige av, denne er ei enkel nypelignande men i ein mørk, flott farge! Navnet veit eg ikkje, men muligens kinesisk ettelleranna?? Kanskje nokon kan hjelpe??

Nyyydelige orange roser... Denne har forferdelig med torner, men luktar deilig!!

Om ikkje så lang tid blomstrar nok også klatrerosene og klematisane!  Frå april til langt ut på hausten kan eg ta inn blomster i vasane... Snakk om å være heldig!!!


Nytt om MIRA

                                Mira har blitt stor "jente" på 3 mnd.
I skrivande stund ligg ho ved føtene mine og pip i fortvilelsen over å
 ikkje få ut "godbiten" i tyggeleika si ;-)
Den er litt vanskelig og ho strevar hardt her.... Greier det nok etterkvart ;-)
Ho er med oss på jobb, der er ho flink å ligge i buret sitt.. Krever ikkje så mykje, men innimellom blir ho jo sjølvsagt litt lei. Kan jo bli litt lange dagar avogtil... Snart er det ferie og det blir deilig ;-)

             Ho er ellers ei grei valpefrøken som leikar, går småturar og søv!

Nattevåk har vi sluppet unna, om dagane vil ho helst sove meir eller mindre oppå føtene våre ;-)


Tennene klør og ho gneg på det meste... Her har ho "lånt" seg ein hjortefot frå ei anna hundedame...
Ellers går det i grisehalar, tyggeleiker, vedkubbar (!) når ho er ute, og hender og føter... Det siste er ikkje lov, men når det klør som verst så er det ikkje så lett å la være ;-)


Mental trening er viktig, melkekartonger og andre esker er flotte... Her er det ein kremboks som får gjennomgå, inni ligg belønninga ;-) 
Svinesteik, pølse, leverpostei eller andre godsaker....

"Skal tru kven dokke er??"
Kjempespennande var det i allefall!!

MIRA og "mor" har vore på vår første fjelltur ilag.... Gjett om det var ei som storkoste seg, lett på tå sprang ho i vei... Skikkelig kjekt og masse nytt å snuse på!!
Ei flott turvenninne ;-D

Kakehobbyen min ;-)

Den siste tida har eg fått god annledning å lage kaker... Det er kjempekjekt!!

I slutten av mai fylte ein kollega år, kjekt å få overraske med ei kake då...  Det vart skikkelig "gammeldags" blautkake med bær ;-)


14.juni fylte ei av mine svigerinner 60 år og eg laga ei kake som eg hadde med...

Det var også jonsokfeiring her på øya... 
Då baud det seg ei ny annledning til å få pynte litt kake...


Til helga vert det ei ny kake.... Stadig nye annledninger... Og det er gøy!!
Eg er ikkje ekspert, men syns det er kjekt å lære OG øve... Seinare denne veka skal eg på "kurs" med ei svigerinne... Ho er superflink!! Dersom eg vert halvparten så flink som ho skal eg være fornøgd ;-)



Jentebølgen

For nokre veker sidan, 9.juni, deltok dei fleste på arbeidsplassen min i Jentebølgen!! Artig å være med på noko så storslagent, fleire tusen damer i alle aldrer gjekk/sprang ilag i fleire byar i Norge. Vi deltok i Ålesund, etter den sportslige "utskeielsen" gjekk turen for vår del vidare til Egon der vi koste oss resten av kvelden ;-)


Ein fargesprakande gjeng i fint driv, det regna men kva gjer no det i koselig selskap??
                Dette vart vår sommaravslutning for personalet, som absolutt fristar til gjenntakelse ;-)

onsdag 8. juni 2011

Mira møter Mia..


Uphs... Best å ligge litt lavt i terrenget ;-)
Mia er ei flott malamut-tispe som vi har treft ett par gongar.
Mira ser ut som ho storkosar seg, gøy med andre hundar ja... 
Ho er jo godt vandt med mange hundar ilag med seg der ho kom frå! Og så omtrent ingen her...
 Jaja, vi benyttar alle sjansar når dei byr seg!

Arbeidslyst ;-)



Mira og eg har hatt nokre dagar heime og vi har vore tidlig oppe. Eine morgonen var vi komne ut i hagen før kl.8... På kne for å fjerne løvetann! Mira syntes det var morro å "jage" rundt matmor som prøvde å jobbe... Hmm... Var ikkje morgentrøtte meg som gjorde det før Mira kom inn i livet vårt!  Ikkje like lett med ein ivrig "hjelpar", men til slutt hadde vi no fått vekk alt. 

Planta litt bunndekkande "mose", satt ned syrinkvister, linjekonvall, vaska husveggar og klargjort for beising OG vi er ferdige med 2 strøk beising på eine sida av huset... Berre 3 sider att ;-)


Huset vert grått ;-) 
Butinox Dekkbeis, farge "kontur", alle lister skal være kvite..


Gubben slo plena, hadde tenkt at ho vart redd.. Men den var berre spennande ;-)

Jau, vi har hatt arbeidslyst... Mira har forresten fått løpestreng, og der har ho kost seg... Mykje spennande å utforske for ein liten kvalp i ein stor hage...