søndag 29. mai 2011

ULLA-TUR

Denne helga har det vore songarstemne her uti havgapet. 
I dag var vi ein tur på Ulla Fyr for å sjå songartoget som gjekk frå Ulla og ut til fyret. 
Her trefte vi Scott m/matmor og familie, Mira syntes det var veldig spennende å helse på han (dei har treftes 1 gang før).

Dei leika ilag før det vart ein mini-utekonsert i vinden...


Alle kora stilte opp og hadde ei urframføring av eit nytt korarrangement frå Henning Sommero si hand, av "Mellom bakkar og berg.... Kjempeflott!!!

På vei heimatt trefte vi ei "litt" større malamutt-tispe... 
Mira syntes det var veldig spennende ;-)
Kjekt å få ein hundeprat, og kjekt å leike...

Det var ei sliten og trøtt Mira, full av nye inntrykk, 
som "klappa sammen" og sov i 2 timar då vi kom heim...

"Ikkje forstyrr, ej søv..."


onsdag 25. mai 2011

BLOMSTERLYKKE

SOMMAREN nærmar seg, ute bles det opp mot full storm... Det regnar og bles ;-)
Og litt lenger sør, på Staden velta ein bobil i vind så sterk som orkan i kasta... Det gjekk heldigvis bra med turistane som var innvolvert, men som de skjønar så er det skikkelig ruskevær...


Vår vesle Mira må uannsett luftast og vi må ut... 
Ho kosar seg i vinden, her er eit bilde tekje i blæsten ;-)

Blomstrane får hard medfart her uti havgapet, men innandørs kan ein gle seg over vakre blomar!
Då vi gifta oss hadde eg kvite cala i buketten, veldig enkelt men vakkert...

I går fekk eg sjå cala i fleire fargar på butikken her, eg greidde ikkje bestemme meg så det vart to...


Ein lilla og ein som nesten har svarte blomar... Flotte og utrulig vakre :-D
No pyntar dei opp i heimen vår - skikkelig BLOMSTERLYKKE i blæsta!!!

GLEDE......



Kva er glede? Det kan jo være så mykje vi er glad for...
Eit godt ekteskap, ein heim (som er god å kome heim til sjølv om det er rotete), ein trygg og sikker jobb, verdens flottaste utsikt, ein stor hage (sjølv om ej ikkje e så glad i å luke osv.), glede kan være å skape ting med hendene sine, både handarbeidsglede og bakeglede er i heimen vår ;-) 
Gode barndomsminner, familie og venner er òg noko av det eg gler meg over... I morgon skal ein av tanteungane mine få operert bort ein "pinne" som han fekk innoperert etter eit lite vinteruhell... No er bruddet grodd og heldigvis ser det ut som at han slepp noko plager vidare.

I helga var vi på besøk hos min kjære pappa og lisjebror. 
Mira var med og skulle sjølvsagt visast fram... Ho storkosa seg på barndommens trakter ;-)

Eg fekk også tid til ein tur på "Maryland" og til topps på skogsvegen... Det er alltid godt å kome dit, det var mamma`s sted. Ho elska den plassen, gjekk der ofte på turar... No er plassen og turen ein fin mimreplass <3

tirsdag 17. mai 2011

GRATULERER TIL ALLE MED 17.MAI

17.mai i år gjekk for seg i rolige former 
for vår del ;-)

Mira og eg starta dagen i 7-tida med ein tur ut, og så tok eg litt oppvask medan Mira åt litt. 
Vi sov litt til, til gubben også stod opp... 
Då var det tid for å ordne seg, ete frukost ilag før vi kjørte til sentrum for å sjå folketoget... 
Vanlegvis er vi til gudsteneste, men Mira kan ikkje være med og i år er ho litt for lita til å være heime åleine såpass lenge... 

   Mira syntes visst det var litt stas, ho satt rolig i fanget mitt...


I FARTA......

            Etter toget slappe vi av litt heime før vi reiste til svigermor med middagen vi hadde tilberedt ;-)
Svineribbe,bokna og tørka mør med tilbehør... 


Har lufta oss, sett på kyrne på gården (og gjødd litt på dem..) 
Besøkt familien og hilst på kattene deres (enda litt mer gjøing både på katter og kråker)

Tulipanene i hagen får hard medfart.... Det er så artigt å bite i dem :-)

No er vi endelig heime, og Mira har slokna i buret sitt... 
Må nok vekke ho og ta oss en luftetur før natta ;-)

I morgen blir en ny dag med nye opplevelser...

søndag 15. mai 2011

MIRA

Då vi reiste på påsketur for ein mnd. sidan så var vi og kikka på kvalpar ;-)

No er vesle MIRA koma til øya vår, og dagane går med til leik ute, prøve å få ho stoverein, lære navnet sitt og kome på kommando. Ho fant seg raskt til rette, det var lite skriking når vi tok ho med frå mora. Ho kikka nyskjerrig rundt seg før ho la haudet på skuldra mi... Litt stressa pesing var det nok, men ho virka ikkje til å være bilsjuk... Det er bra for ho må være glad i bilkjøring ;-)


Eg likar godt å leike... 
Mira leika med matskålene sine første dagen, men det gjer ho nok ikkje igjen... 
Dei "bråkte" slik då ho greidde å kolve dei og så vart ho våt ;-D

Nettene har foreløpt uten noen særlige problemer, ho legg seg fint inn i buret sitt og der ligg ho... No i dag har ho ligge i buret på ettermiddagen og slappa av også ;-)